Stokkavatnet 2016

NB: Nå med bilder: Endelig kan hjemmesiden tilby noe mer enn bokmål: Sara Juels nynorskeksamensforberedende redegjørelse må nytes. Se fine bilder fra Stavanger roklub.

Årets første Noregscup regatta utanfor Årungens breidder går denne helga av stabelen i Stavanger og nærare bestemt Stokkavannet. Vi er ein passe stor gjeng frå NSR med ein god blanding av jr. B, jr. A og seniorar. For å halde styr på oss, samt å køyre skyttelbuss fram og tilbake til hotellet, har vi med oss Kristin, Roger og Erik. Til nå har vi opplevde mykje regn, men også eit flatt vann, så gjengen er ved godt mot.

Laurdagen starta med ein betre hotell frukost før det bar av stad i Roberto til regattabanen og forsøk. I DJA2x gjekk Emilie vidare til A-finalen saman med Marie ifrå Fredrikstad. Dei to Sarane tok seg vidare i DS1x, medan Jonas gjekk vidare til semifinalen i HJA1x og derifrå vidare til A-finalen. Deretter var det tilbake til hotellet for å ete frukost nummer to.

Første finale for dagen var HJB1x. Her kom Sam på 3. plass i sitt heat, medan Kristian tok gullet i sitt heat, og dermed NSR sin første siger for dagen. Vidare var det jentenes tur i DJB1x. Her fikk NSR sin 2. siger for dagen med Rebekka, Hanna tok 2. plass i sitt heat, medan Hedda tok seg eit litt ufrivillig bad i kalde Stokkavannet.

Neste finale var DS1x med 2xSara. Her stakk dei to jentene frå Ålesund av, men kampen om 3. plassen var framleis open mellom dei to NSR jentene og Moss roklubb. Etter kvart drog Sara Juel litt ifrå, men Sara Hegge hang seg på og Moss var heller ikkje langt bak. Dermed var  kampen om 3. plassen var enda ikkje avgjort. Til slutt enda det med Sara Juel på 3. og Sara Hegge på 4.

Løpet etter var finalen til Emilie og Marie i DJA2x. Desse jentene er relativt ferske saman i dobbell, men dei hang bra med i feltet. Til slutt ende dei på 6. plass, men med litt fleire øktar saman skal man ikkje sjå bort ifrå at dei klatrar på resultatlista. Det var fleire jenter over banen i 2x i dag. Hanna og Rebekka stilte i DJB2x der dei var sure 0,1 sekund frå 3. plassen. Jentene var litt bitre, men mente også at dei har meir inne.

Det var stor spenning knytte opp til finalen til Jonas i HJA1x. Han har i år vore uovervunnen på 2000m i denne klassen og hadde ingen ønsker om å la nokon ta over plassen hans på toppen av pallen. Men Jonas leverte varene og kom inn først denne gangen også. Dermed kan det heller ikkje være tvil om at han blir teke ut til nordisk meisterskap i singel.

Dei siste to løpa med rødt på pallen i dag var DJA4x og HS4x. I DJA4x kom Emilie på 2. plass med ein kombinasjon frå kraftsenteret der ho rodde saman med Vibeke og Hermine frå CR og Synnøve frå Bærum. I HS4x rodde Petter i ein lettvektskombinasjon med Ola frå Moss, Jens frå Sarpsborg og Didrik frå Bergens. Dei rodde raskt over banen, så raskt at dei ende på første plass med fem sekundar ned til neste båt.

Nå ladar vi alle opp til ein ny dag på regattabanen. Nokon på senga, andre på den ikkje så velfungerande luftmadrassen som hotellet har stilt opp med. Stay tuned!

Se de mange fine bildene på Stavanger roklubbs hjemmeside!

One reply on “Stokkavatnet 2016

Legg igjen en kommentar til Roentusiast Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *